Direktefly frå Bergen til Sumburgh på Shetland. På flyplassen blir vi henta og køyrt direkte til hotellet vårt i Lerwick. Her kan vi sette ifrå oss bagasjen, medan vi utforskar nærområdet. Det kan vere lurt å ete lunsj på Flesland, eller ta med seg litt snacks i sekken, då det ikkje er lagt opp til noko organisert lunsj denne dagen.
Gjennom desse dagane saman skal vi bli betre kjende med dette øyriket som var så sentralt i det gamle Noregsveldet. Shetland består av om lag 100 øyar, der 16 av dei i dag har busetnad. Sumburgh ligg vakkert til heilt syd på den største av øyene Mainland. Området har eit rikt dyre- og fugleliv, og er vi heldige får vi sjå både ulike fuglar og sel under opphaldet vårt. Vi anbefaler å ha med kikkert.
Fellesmiddag på hotellet om kvelden.
(M)
Etter ein god frukost, køyrer bussen oss eit par timar nordvestover til Eshaness. Her skal vi gå ein 2-3 timars tur med utgangspunkt frå fyret der. Dette er ein av dei vakraste kyststrekningane på Shetland, med høge klipper og imponerande steinformasjonar danna av havet som står hardt på her. Etter turen blir det lunsj på ein lokal restaurant.
Før vi køyrer tilbake til Lerwick, legg vi opp til ein liten rusletur til Mavis Grind. Dette er ei lita landstripe der ein på den eine sida har Atlanterhavet, og på den andre sida Nordsjøen.
Tilbake i Lerwick, kan ein slappe av på hotellet eller ta seg ein rusletur i nærområdet rundt. Om kvelden anbefaler vi å bestille middag på hotellet eller ta ein tur inn til sentrum (ikkje inkludert i turpris).
(F, L)
Etter frukost køyrer bussen oss til St. Ninian, ei lita øy som er knytt til Mainland med ein sandbanke, ein såkalla tombolo. Øya er spesielt kjend for sølvskatten som vart funnen her i 1958. Her går vi ein rundtur på ca. 2 timar. Stranda ut til St. Ninian er vakker og landskapet grønt og ope. På yttersida er klippene bratte.
På ettermiddagen denne dagen skal vi besøke den «norske» bygda Scalloway, som var hovudbasen for Shetlandsgjengen under 2. verdskrig. Her finn vi både Scalloway Castle frå 1600-talet, og Scalloway museum som har ei avdeling om Shetlandsfarten. Museet vart opna i 2012 av statsminister Jens Stoltenberg. Vi gir oss god tid i Scalloway og stoppar ved monumentet som er sett opp til minne over nordmenn som miste livet på Shetlandsfarten. Vi rår alle til å kjøpe med seg niste frå hotellet denne dagen (ikkje inkludert i turpris), då det er få kaféar i Scalloway.
Tilbake i Lerwick brukar ein resten av dagen som ein sjølve vil. Middag på eiga hand.
(F)

Etter ein god frukost går vi bort til ferjekaia og ferja som skal ta oss over til øya Bressay. Meir informasjon om denne vandreturen kjem snart. Vi brukar store delar av dagen her ute, så vi anbefalar alle å kjøpe med seg niste frå hotellet.
Før vi returnerer til Lerwick med ferje, legg vi opp til ein tidleg middag på det vesle, koselege Maryfield House Hotel. Vi er tilbake i Lerwick tidleg kveld.
(F, M)
Etter ein god frukost sjekkar vi ut av hotellet i Lerwick og køyrer sørover Sumburgh. Her ligg både fyret på Sumburgh Head og det er eit området med mykje utgravingar. Gåturen opp til fyret byr på flott utsikt om veret tillèt det.
Ei av dei mange historiske utgravingane her er Jarlshof. I 1897 vaska ei rekke harde stormar bort stein, torv og jordlag, og spora etter ein gamal busetnad kom til syne. Det viste seg å vere tuftene etter fleire bygningar frå ulike tidsperiodar, der dei eldste daterer seg heilt tilbake til steinalderen for over 4000 år sidan. Då vikingane kom hit og busette seg, sette dei også sitt preg på plassen. Tidleg ettermiddag tek fly tilbake til Norge.
(F)
